Planlegger asylmottak i Sauda

Bedrifta Hero vil etablera eit såkalla desentralisert asylmottak i Sauda – ein mottakstype der flyktningane bur i hus og leiligheter i heile kommunen.

– Me har hatt Sauda i bakhovudet ei god stund, og ønsker nå å få etablert eit asylmottak i bygda. Me meiner Sauda har kvalitetar som er positive for asylsøkarar, seier Tor Brekke, konsernsjef i Hero.

I planane til Hero er det tenkt å få etablert 150 mottaksplassar i Sauda. Tanken er ei drift på 120 faste plasser og 30 variable plassar. Hero seg også føre seg ein opsjon på 30 tilleggsplasser i beredskap.

Bare i august kom det 2 300 asylsøkarar til Norge. I september har talet auka ytterlegare. Årsaka er masseflukta frå det borgarkrigsramma landet Syria.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her