Hero får bustadtilbod

Selskapet som vil starta asylmottak har alt gjort avtalar knytt til 40 av dei rundt 150 mottaksplassane dei treng i Sauda.

– Fleire i Sauda har tatt kontakt med oss. Men me treng sjølvsagt endå fleire bustader, seier Kjartan Dirdal, utviklingsdirektør i Hero Norge.

Hero ønsker å etablera eit såkalla desentralisert asylmottak i Sauda, ein mottakstype der asylsøkarane bur i hus og leiligheter rundt om kring i heile kommunen.

UDI vil ta ei endeleg avgjerd 23. oktober. Blir planane i Sauda godkjent er målet å starta med å busetta asylsøkarar i Sauda alt rundt 1. desember.

I går, torsdag, var Dirdal og to representantar frå UDI på synfaring i Sauda. Dei tre kikka på mulege hus og leiligheter som er aktuelle bustader for asylsøkarar. Dirdal var også i møte med rådmann Wictor Juul og ordførar Asbjørn Birkeland.

Det er fast prosedyre i ein anbodskonkurranse at UDI blir med potensielle driftsoperatørar ut i kommunen der det er tankar om å etablera eit mottak. Hero ser føre seg rundt 150 mottaksplassar i Sauda. Foreløpig er det altså alt gjort avtalar for 40 av desse.

– Å skaffa bustader er det mest krevande arbeidet når me skal etablera mottak som dette. Men me har eit stort apparat som jobbar med saka. Heilt sidan det blei kjent at me vil starta mottak i Sauda har det kome henvendelsar frå lokalsamfunnet. Eg har tru på at dette ordnar seg, seier Dirdal.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her