PÅ TV: I morgon kveld sender TV2 dokumentaren sin ”Vårt lille land”, der Gunnar Solvang og familien Bethel og Dlbantu Bebzelenaio, med borna Hiyab (til venstre) og Gelila, har sentrale rollar.  (Foto: Ingvil Bakka)
PÅ TV: I morgon kveld sender TV2 dokumentaren sin ”Vårt lille land”, der Gunnar Solvang og familien Bethel og Dlbantu Bebzelenaio, med borna Hiyab (til venstre) og Gelila, har sentrale rollar. (Foto: Ingvil Bakka)

Gjer comeback på tv-skjermen

Før var Gunnar Solvang hiv-positiv. Nå er han bare positiv.

– Men då TV2 ringte var eg veldig skeptisk. Eg har verkeleg ikkje noko behov for å komma på tv igjen. Men så blei eg overtalt, då, fortel Gunnar Solvang,

I morgon kveld er han hovudpersonen i TV2 sitt dokumentarprogram ”Vårt lille land”.

Gunnar Solvang har vore på tv før. I 1996 var han hovudperson i TV2-programmet Dokument 2. Temaet då var hiv-diagnosen han fekk tidleg på 1990-talet. Solvang, som hadde fått beskjed frå legane om at han hadde to år igjen å leva, hadde då levd med dødsdommen i halvanna år.

I dag, tjue år seinare, lever han i beste velgåande. Medisinane han går på har fjerna hiv-viruset frå blodet og kroppsvæskene hans. I praksis er han ikkje lenger hiv-positiv og er såleis smittefri så lenge han tar sine daglege medisinar.

I dag er 67 år gamle Gunnar Solvang pensjonist. Han innrømmer at han har kjeda seg enormt på dagtid sidan han gjekk av i juni i år. Med fulltidsjobb som rettleiar i fronten på Nav Sauda hadde han travle og innhaldsrike dagar.

– Eg vurderer å søka meg jobb hos Hero, når dei etablerer eit asylmottak i Sauda. Eg vil gjerne ut i jobb igjen. Eg blir rastlaus av å bare gå heime, innrømmer han.

TV2 var i Sauda og filma Gunnar Solvang og livet hans i desember i 2014. Den tjue år gamle hiv-diagnosen er ikkje lenger hovudfokuset for tv-produsentane. Nå handlar det mykje om pianospelinga han starta med som 63-åring og om hans nye rolle som bestefar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her