*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FØREBUDD: Mykje av treninga i oktober har Aud Elisabeth Stuhr gjort på tredemølle og ein løpebane, for å førebu seg på den monotone oppgåva som ventar på Bislett. (Foto: Even Emberland)

Ekstrem utfordring

Aud Elisabeth Stuhr vil teste grensene i noregsmeisterskapet i 24-timarsløp.

Raudt tartandekke. Innestengd. Dårleg luft. Springe 546 meter. Isolert sett ei oppgåve for alle.

546 meter så mange gonger du overhovudet maktar på 24 timar blir noko ganske anna. Det er det Aud Elisabeth Stuhr gir seg i kast med på fredag, i noregsmeisterskapet i 24-timarsløp på innendørsbanen på Bislett. Ein kamp mot seg sjølv, klokka og det raude dekket.

– Det er litt herleg galskap. Eg er nyfiken på å teste mine eigne grenser. Eg veit ikkje om 24-timarsløp er noko eg vil gjere meir av etter løpet, men nå får eg iallfall prøvd det, seier Stuhr.

Ho skulle faktisk ha sprunge det same løpet i fjor, men då gjorde sjukdom i forkant at det ikkje nytta.

Tidlegare i haust vann 39-åringen Oslotrippelen, kor deltakarane sprang ein maraton, ein halvmaraton og ein 10-kilometer på same dag med korte pausar mellom kvart løp. Det gjorde Stuhr etter at ho i sitt første ultraløp i april i år vann Bergen Ultra og sette ny løyperekord i det anerkjente langløpet.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her