*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYE STILLINGAR: Sauda kommune lyser ut fire årsverk nye lærarstillingar for å undervise asylsøkarane. (Arkivfoto)

Opprettar fire lærarstillingar

Sauda kommune lyser ut fire årsverk nye lærarstillingar for å undervise asylsøkarane.

Når asylsøkarane kjem til Sauda, etter planen om ein halv månad, utløyser dette eit behov for ei rekke nye lærarstillingar. Dette gjeld både i vaksenopplæringa og i grunnskulen.

– Me lyser ut to stillingar i 100 prosent, opplyser rektor Lars Terje Sandvik ved Sauda ungdomsskule, som også administrerer vaksenopplæringa.

Ifølge Sandvik har asylsøkarane rett på 250 timar norskopplæring. Dette er ikkje ein del av introduksjonsprogrammet.

– Målet er at vi har dette på plass frå 1. januar. Men det er ein kabal som skal gå opp. Det kan ta lenger tid, seier Sandvik.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her