Sjå video og møt triksedronninga Åse Marie Nordhagen.

TRIKSEDRONNING: Åse Marie Nordhagen heiter ho, og fyller 90 år på søndag. Hobbyen hennar er fotballtriksing. Kvar einaste dag hentar ho fram fotballen sin og triksar inne i gangen eller på stovegolvet. Ikledd bluse, finbukse, svarte fotformsko og med tryggleiksalaramen rundt halsen greier ho lett fleire titals treff på fotballen. (Video: Ingvil Bakka)

90-åringen som triksar kvar dag

Sjå video og møt triksedronninga Åse Marie Nordhagen.

av Ingvil Bakka

– Eg veit ikkje korleis eg skulle greidd meg utan ballen min, seier Åse Marie Nordhagen, som fyller 90 år komande søndag.

Kvar einaste dag hentar ho fram fotballen sin og øver seg på triksing inne i leilegheita si i Strandavegen. Ikledd bluse og sine faste, svarte skinnsko og ei hand i veggen står ho og triksar med ballen, gjerne i éin time om gongen.

Åse Marie Nordhagen, født Nordby, kom til verda 22. november 1925, og vaks opp på Grünerløkka i Oslo. I gatene i storbyen måtte borna aktivisera seg sjølve, og blant Åse og venninnene hennar var triksing med ball spesielt populært. Då ho var 12 år gammal sette ho ny personleg rekord i antal treff på ballen.

– Eg hugsar at eg begynte å triksa, og så måtte ei venninne inn for å eta middag. Då ho kom ut igjen utbraut ho: ”Held ho på ennå?!”. Eg klarte 1 003, slikt tar tid, fortel Nordhagen, som gjekk ut med S i gym etter sju års skulegang.

I dag, like før ho rundar 90 år, er Åse Marie Nordhagen meir glad i ballen sin enn nokon gong. Det er ikkje uvanleg at ho greier eit tosifra antal treff på ballen medan ho øver heime i gangen eller i stova. For ikkje lenge sidan greidde ho 49. Ho står på venstre fot, og triksar med høgre.

– Greier eg mange, må eg bare fortsetta. For eg vil gjerne gjerne klara endå fleire. Men eg blir sjeldan irritert. Dette er jo bare moro. Eg synest det er så kjekt, seier ho smilande.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her