*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SENTRALT: Hystad Marketing as leiger ut areal til driftsselskapet Hero. 1. desember flyttar driftsselskapet i etasjen over Far's Vilje. Teikningane for den planlagde tredje-etasjen er alt klare og ventar på kommunal godkjenning. (Foto: Ingvil Bakka)

Vil bygge på ein etasje

Hero sin administrasjon blir lagt til areala over Far’s Vilje.

– Det er travle tider. Heile andre etasjen skal vera klar til bruk 1. desember. I tillegg ønsker me å bygga på ein ny tredje etasje. Denne vil forhåpentlegvis vera klar i løpet av januar, seier Kristian Hystad i Hystad Marketing, som eig bygget i krysset mellom Skulegata og Brugata i Sauda sentrum.

Driftsselskapet Hero er i ferd med å etablera eit desentralisert asylmottak i Sauda, med oppstart 1. desember. Den lokale Hero-administrasjonen, som vil tella sju personar, vil trenga både kontor og møterom for å bistå dei 150-180 asylsøkarane som om kort tid kjem til Sauda.

Fredag for to veker sidan blei Hero og Hystad Marketing einige om ein treåring leigekontrakt, med opsjon på ytterlegare tre år.

Kristian Hystad fortel at det nå pågår eit iherdig byggearbeid i lokala. Blant anna skal det stengast av mellom restauranten Far’s Vilje i første etasje og administrasjonslokala i andre etasje. Hero vil dermed få ein eigen inngang via Brugata.

Hystad Marketing er nå inne i ein prosess for å søka om å få bygga ein ny tredje etasje i bygget. Den nye etasjen er alt ferdig bygt i modular, og det er såleis rimeleg fort gjort å få modulane på plass i Sauda.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her