MÅ VENTE: Sauda skisenter håpte å opne denne helga, men fredagens mildvêr gjer det vanskeleg. Bildet er frå måndag denne veka. (Arkivfoto: Even Emberland)
MÅ VENTE: Sauda skisenter håpte å opne denne helga, men fredagens mildvêr gjer det vanskeleg. Bildet er frå måndag denne veka. (Arkivfoto: Even Emberland)

Regn set opning på vent

Fredagens regnvêr er dårleg nytt for skientusiastar.

Tidlegare denne veka håpa Sauda skisenter å opne familieheisen alt denne helga. Men regn- og mildvêret fredag gjer at opningsplanane må utsettast.

Les også: Håper å opne til helga

– Det er litt surt at det skulle bli så veldig mildt i dag. Eg var oppe i Djuvsbotn, og der regna det godt, så det vil ikkje overraske meg om det også regnar på toppen av trekket, seier dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit.

Skitrekket starta snøproduksjonen sist helg og heldt det gåande døgnet rundt i fleire dagar, men ein ville ikkje starte å jobbe med snøen og køyre den ut i trekket grunna uvissa rundt temperaturane denne helga.

Sjølv om det har komme mykje regn i dag, fredag, er det framleis mykje kunstnø igjen som kan nyttast om det slår om.

– Men kjem til å opne med ein gong det er forhold til det. Me er klare på kort varsel og skal få til mykje om det skjer noko. Det gir ljos i tunnelen at dei melder snø natt til laurdag, så det blir spanande å sjå. Me får bare vakne spent i morgon tidleg og sjå korleis vêret er då, seier Fosstveit.