*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
OVERRASKA: Arnvid Lillehammer forstod at noko var i gjære då ordførar Asbjørn Birkeland byrja å snakke om hans bidrag til saudasamfunnet, men lite ante han om at det skulle bygge seg opp til ei utmerking som æresborgar. (Foto: Even Emberland)

Saudas fjerde æresborgar

Arnvid Lillehammer blei heidra som æresborgar av Sauda i samband med lanseringa av band fem i Soga om Sauda.

Arnvid Lillehammer blei tysdag kveld Saudas fjerde æresborgar. 72-åringen mottok beviset etter sjølv å ha presentert band fem i Soga om Sauda og hovudtrekka i saudasamfunnets historie frå 1940 opp til årtusenskiftet.

– Om eg hadde visst at dette skulle skje, så veit eg ikkje om eg hadde komme, humra Lillehammer frå scenen på den vidaregåande skulen etter at ordførar Asbjørn Birkeland gav ham utmerkinga.

Etter at hyllestar, digresjonar frå folk flest, og underhaldning frå både kulturskulen og det sjølvutnemnte husorkesteret ved skulen og drygt 100 utgåver av band fem i Soga om Sauda var signert, utdjupa Lillehammer ærefrykta for utmerkinga.

– Det er litt skremmande, for det er ikkje bare bare. Eg synest eigentleg ikkje at eg fortener det, det er nesten litt for mykje, seier 72-åringen.

Kjartan Fløgstad (2008), Bjørn Eidsvåg (2013) og Reidar Brendeland (mai, 2015) er dei tre som nå får selskap av 72-åringen som æresborgarar i Sauda. Skal ein dømme frå omkvedet i skulekantina kor utmerkinga blei gitt, er det liten tvil om at prisen er fortent.

– Eg føler meg liten samanlikna med dei tre andre, det er heilt sikkert. Men sjølvsagt er det utruleg kjekt og stor stas å bli satt sånn pris på, men det er veldig overraskande, seier Lillehammer.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her