Smiler for UiR

Det nye fleirtalet i fylkestinget er einige om eit felles budsjettforslag. Der gir dei 750 000 kroner til å vidareføre Utdanning i Ryfylke, under det nye namnet Utdanning i Regionene.

I fylkesutvalets forslag til økonomiplan for Rogaland fylkeskommune er det sett av 750 000 kroner til Utdanning i Regionene. Det er i dag kjent som Utdanning i Ryfylke, eit samarbeid mellom Høgskulen Stord/Haugesund, fylkeskommunen, kommunane og næringslivet.

Undervisninga skjer ved dei vidaregåande skulane i Ryfylke, og formålet er å gjennomføre kompetanseheving og høgare utdanning lokalt, slik at det kan kombinerast med jobb og familieliv.

Det er særleg Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre som har vore tydelege på at dei støttar tilbodet. Med hjelp frå blant andre Alan G. Thompson i fylkesgruppa til Arbeidarpartiet er dei neste fire åra sikra for Utdanning i Regionene.

– Dette er ein prosess som har tatt lang tid, og me er veldig glade for at me etter mange års innsats har sikra fylkeskommunal støtte etter prosjekttida, seier Thompson, som også vil trekke fram Laura Seltveit som lenge kjempa for UiR i opplæringsutvalet og i fylkestinget.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her