*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
MYKJE GJELD: Sauda kommune har i dag 425 millionar i lånegjeld. Rådmannen, Wictor Juul, meiner det er naudsynt at politikarane tar hensyn til gjelda når dei legg investeringsplanar for framtida, slik dei mellom anna gjorde det i budsjettet for 2016. (Foto: Frank Waal)

Sauda nær gjeldstoppen

Bare to kommunar i Rogaland med fleire enn 4 000 innbyggarar har meir gjeld per hovud enn Sauda.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå fortel at Sauda er kommunen i Rogaland med sjuande høgast gjeld per innbyggar. VG har på sine nettsider gjort det enkelt å samanlikne ulike kommunar og finne kor mykje gjeld kvar kommune har per innbyggar.

Ved utgangen av 2014 var Sauda sin kommunegjeld på nesten 314 millionar kroner, eller 65 979 kroner per hovud i kommunen. Per innbyggar er gjelda sjuande størst blant kommunane i fylket.

I kommunar i Rogaland med fleire enn 4 000 innbyggarar er det bare Rennesøy kommune og Tysvær kommune som har større gjeld enn Sauda per innbyggar.

Som ein følge av den store gjelda betalar Sauda i 2016 20,4 millionar kroner i avdrag og 10,2 millionar kroner i renter i 2016.

– Det er ei veldig todelt utfordring. På den eine sida kunne dei millionane gått inn i drifta. På den andre sida trur eg me hadde fått ei stor utfordring på vedlikehald utan høge lån. Me har såpass mange nye og fine bygg. Det gir kostnadar, seier Wictor Juul, rådmannen i Sauda kommune.

Han viser til Strand kommune som eit eksempel på ein kommune med låg gjeld, men som vil få utfordringar og sannsynlegvis pådra seg ei større gjeld i åra som kjem.

Kommunalsjef økonomi, Roy Ove Kvernenes, opplyser at Sauda i 2016 har budsjettert med cirka 10,3 millionar kroner i vedlikehaldsutgifter. I den summen ligg det vedlikehald av kommunens bygg og lønn til dei som jobbar med vedlikehaldet.

– Sauda har tatt mange av utbyggingane og oppgraderingane av offentlege bygg. I denne samanheng hadde det vore interessant å sjå kva kostnadsnivå andre kommunar har på bygg og vedlikehald. På motsatt side har du til dømes Strand som må gjere store utbyggingar i åra som kjem, påpeiker Juul.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.