*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SLO ALARM: Aksjehandel ved Oslo Børs i februar og mars 2014 fekk Finanstilsynet til å slå alarm. Nå er to saudamenn tiltalt av Økokrim. Rettsaka blir ført i Stavanger tingrett i april. (Foto: Oslo Børs)

Saudabuane åleine i innside-rettssaka

Den tredje tiltalte har nå tilstått innsidekjøp av Rocksource ASA-aksjar.

– Det var opprinnelig fire menn som var sikta i saka, der fellesnemnaren var handel basert på informasjon i forkant av ei børsmelding. Det er ikkje uvanleg at slike saker blir foreina i éi rettssak, ettersom det vil vera felles bevisførsel for nokre av delane i saka, seier Lars-Kaspar Andersen, politiadvokat i Økokrim.

Fleire personar skal vitna i saka, der politiet vil prøva å bevisa at det er gjort større aksjekjøp i selskapet Rocksource ASA som følge av ulovleg innside-informasjon.

I utgangspunktet var det fire personar som var mistenkt for tilvirkning til og utføring av ulovleg innsidehandel i samband med at det i mars 2014 blei gjort eit olje- og gassfunn i ein av leitebrønnane til selskapet Rocksource ASA.

Ein av mennene tilstod og fekk sin tilståingsdom i Oslo tingrett 15. juni i fjor.

Nyleg blei det klart at saudabuane blir åleine på tiltalebenken under rettssaka i Stavanger tingrett, ettersom også stavangermannen har valt å legga korta på bordet og innrømma innsidehandelen.

Saudamannen i 60-åra har tidlegare uttalt til Dagens Næringsliv at han har god samvittighet og at han tar saka med knusande ro.

Det er sett av tre veker i april til rettssaka i Stavanger tingrett.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.