*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HAR FÅTT NEI: I september 2013 presenterte Dagfinn Birkeland planane om å bygge eit stort bustadfelt mellom Rødstjødnå og båthamna. Nå seier Fylkesmannen i Rogaland nei til utbygginga i området Nestjødnane. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Protesterer på bustadfelt

Fylkesmannen er heilt imot det planlagte bustadfeltet på Nestjødnane, der utbyggar ønsker 40-50 bustader.

D-S Eiendom med Dagfinn Birkeland i spissen ønsker å etablere eit stort bustadfelt på Nestjødnane. Heile 40-50 bustader ønsker dei at feltet skal ha plass til, som ligg mellom Rødstjødna og båthamna. Det 200 mål store området er i dag meir eller mindre urørt natur.

Fylkesmannen har sett på planen og meiner det ikkje bør bli etablert bustadfelt i dette området.

Fylkesmannen viser til at Nestjødnane er eit urørt friluftsområde som bør stå urørt.
Det blir vist til at Fløgstadåsen og nærområdet er eit artsrikt naturområde med viktige naturkvalitetar og eit stort artsmangfald av dyr og fuglar. Området skal ha ein tettheit av ei rekke fugleartar som for eksempel songarar, meisar og andre spurvefuglar som finkar, sisikar og trostar.

I tillegg er det mykje gammalskog med edelløvskog i dei nedre områda og furu lenger oppe. Fylkesmannen viser også til at Rødstjødna, som ligg nær området, er ein rik kulturlandskapssjø med viktige vegetasjonstypar og stort artsmangfald. Rødstjødna har ifølge Fylkesmannen ei botngrassjø og ligg i eit distrikt kor det ellers ikkje finst elektrolytrike innsjøar.

Utbyggarane meiner området er ypparleg til bustadområde.

– Det er eit skogområde med fjell og knausar og null landbruksverdi, uttalte Dagfinn Birkeland då han fortalte om planane i september 2013.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.