Opnar endeleg heilårsbassenget

Kommunen håper på storinnrykk i påska.

Det har lenge vore uvisst når det utendørs badeanlegget og heilårsbassenget skal opnast. Opninga er planlagt i to etappar. Førstkommande måndag opnar heilårsbassenget, medan kommunen tar sikte på å opne heile badeanlegget på eit seinare tidspunkt, i løpet av våren.

– Me er veldig glade for at heilårsbassenget endeleg kan tas i bruk. Me håper å opne heile badeanlegget til Saudadagane, det ville vore ei fin anledning. Det ser me verkeleg fram til, seier prosjektleiar Kristian Landro.

Det er kommunalsjef fellestenester, Andreas Fløgstad, som er prosjektansvarleg. Også han er fornøgd med at dei får opna heilårsbassenget for saudabuar og turistar i påska.

– Me trur heilårsbassenget vil vere eit godt tilskot til alt det kjekke som skjer i sentrum i påska. Me veit frå tidlegare påsker at Saudahallen og bading har vore eit populært og vêruavhengig tilbod, så me håper at utebading i varmt vatn er ein spanande nyheit som mange vil nytte seg av, seier Fløgstad.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.