Åtte år gamle Ane Schibevaag Søndenå fekk æra av å vere den første til å bade i heilårsbassenget etter at ho for tre år sidan gav 5 000 kroner i støtte for å realisere draumen om eit utandørsbasseng. (Foto: Even Emberland)
Åtte år gamle Ane Schibevaag Søndenå fekk æra av å vere den første til å bade i heilårsbassenget etter at ho for tre år sidan gav 5 000 kroner i støtte for å realisere draumen om eit utandørsbasseng. (Foto: Even Emberland)

Ane (8) var først i heilårsbassenget

For tre år sidan gav åtteåringen 5 000 kroner til badeanlegget. I går var ho den første som bada i heilårsbassenget.

– Eg har venta på denne dagen sidan 9. desember. Det var då eg fekk vite at eg skulle få vere den første. Det er veldig kjekt å bade, seier Ane Schibevaag Søndenå, som i går, måndag, fekk æra av å opne heilårsbassenget.

I januar for tre år sidan gav ho som privatperson 5 000 kroner til det utandørs badeanlegget. For badenymfa var det ikkje aktuelt å behalde pengane sjølv, dei skulle gå til å realisere draumen om eit utandørs badeanlegg.

– Eg hadde lyst til å bli med og hjelpe dei med å få det til. Då er det veldig kjekt å sjå at dei klarer det, smiler åtteåringen.

Som takk for bidraget frå Søndenå, gav kommunen og oppsynsmann for Saudahallen, Stein Ove Løvik, måndag eit årskort i gåve til åtteåringen.

– Det er veldig imponerande at ho ville bidra med 5 000 kroner. Det er mykje pengar for ei lita jente, og ho kunne brukt dei på andre ting. Det var veldig flott gjort, seier Løvik.

Badenymfa har sjølvsagt eit årskort frå før, og difor er det ordna slik at årskortet Søndenå fekk først gjelder frå datoen hennar nåverande kort løper ut.

– Eg trur dette blir veldig populært. Her kan me ha det kjekt ute og bade, samtidig som me kan bade inne. Det var endå betre enn eg trudde det skulle vere, boblene er kjempekule, seier ein ekstatisk åtteåring etter å ha prøvd det oppvarma heilårsbassenget.

Det var bare heilårsbassenget som opna i går. Resten av badeanlegget tar kommunen sikte på å opne før sommaren.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.