BLEI FRÅSTOLE SYKKEL: Mahmoud Hallak syklar ofte ut for å skaffa fisk til familien. Natt til torsdag stal fire unge menn både sykkelen hans og ein bag med fiskeutstyr. (Foto: Ingvil Bakka)
BLEI FRÅSTOLE SYKKEL: Mahmoud Hallak syklar ofte ut for å skaffa fisk til familien. Natt til torsdag stal fire unge menn både sykkelen hans og ein bag med fiskeutstyr. (Foto: Ingvil Bakka)

Mahmoud (17) robba på fisketur

Fire unge menn stal syklar og fiskeutstyr frå asylsøkarar som fiska ved Fyrsvingen.

– Alle folk i Sauda er så snille. Eg trur nok at også desse gutane er snille, når dei ikkje er rusa på alkohol, seier 17 år gamle Mahmoud Hallak.

Hallak og to andre asylsøkarar, ein på 18 år og ein på 45 år, hadde dratt ut til Fyrsvingen for å fiska seint onsdag kveld. 17-åringen fortel at han og 45-åringen hadde sett syklane frå seg på gang- og sykkelstien som går langs bilvegen. I 23.30-tida høyrde Hallak, som stod like ved fyret, roping og balering frå sykkelstien. Han gjekk nærare og oppdaga fire unge menn som var i ferd med å ta dei to syklane.

– Eg ropte at dei ikkje måtte ta syklane, at dei var våre. Men dei bare lo av meg. Og så ropte dei noko og kasta ølflasker mot meg, fortel Hallak.

Dei fire unge gutane, som Hallak anslår er i alderen 18-20 år, forsvann på syklane inn mot Sauda.

Syklane har asylsøkarane fått frå snille givarar i Sauda. Begge syklane var raude og Hallak sin sykkel hadde også ei korg framme.

– Oppi der hadde eg ein liten bag, med fiskeutstyr. Den tok dei også med seg, seier 17-åringen.

Asylsøkarane ringde til politiet, men ifølge Hallak hadde ikkje politiet mulegheit til å rykka ut.

– Det kom ein mann på sykkel, og eg trudde først at han hadde sykkelen min. Det var feil, men den mannen hjelpte oss med å ringa til politiet, fortel han.

Ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt blir det bekrefta at sykkeltjuveriet blei meldt inn til dei rundt midnatt, natt til torsdag.

På Facebook skriv ein tilsett ved Sauda Mottakssenter at politiet vil snakka med Mahmoud og fiskekameratane hans i morgon, langfredag.

Mahmoud Hallak kom til Sauda saman med foreldrene sine og ei eldre søster for rundt to månader sidan. Familien kjem frå Palestina. Dei to andre som var med han på fisketur er frå Irak og Afghanistan.

– Det er trist å mista sykkelen. Spesielt for far min som har vonde kne og treng sykkelen for å komma seg rundt. Sykkelen er også god å ha når me skal handla, seier 17-åringen.