Dei har til saman nær 91 års erfaring frå trygde- og navsystemet. Nå er Edle Sivertsen (65) og Laura Seltveit (66) klare for pensjonistlivet.

DAMER MED HUMØR: Edle Sivertsen og Laura Seltveit har jobba saman i fleire tiår utan å bli lei av kvarandre. Nå blir begge pensjonistar. (Foto: Ingvil Bakka)

Sluttar med stil – og store smil

Dei har til saman nær 91 års erfaring frå trygde- og navsystemet. Nå er Edle Sivertsen (65) og Laura Seltveit (66) klare for pensjonistlivet.

av Ingvil Bakka

– Men det er ennå to år til eg skal ”nava”. Først skal eg leva på statens pensjonskasse, seier Edle Sivertsen.

Nå i vår sluttar to av det lokale trygde- og navsystemets mest trufaste damer i jobbane sine i Sauda. Laura Seltveit hadde sin siste arbeidsdag fredag, medan Edle Sivertsen gir seg først 22. april.

12. november 1969 hadde den då 19 år gamle Edle Sivertsen sin aller første arbeidsdag ved Sauda trygdekontor. 2,5 år seinare, 1. april 1972, blei også Laura Seltveit tilsett ved det same kontoret, som då hadde base i lokala som i dag husar klesbutikken Tara.

I 1980 flytta trygdekontoret til Toppadalen, der dei var heilt til den store samlokaliseringa i 2005, då trygdekontoret, arbeidskontoret og sosialkontoret slo seg saman i ”Hellebygget” og fekk fellesnamnet Nav.

I 2007 flytta det lokale navkontoret opp i Coop-bygget, medan det nye statlege kontoret, Nav Forvaltning Sauda, etablerte seg i sentrumsbygget. Edle Sivertsen valde å gå over til forvaltningseininga, og har ikkje angra ein dag på dette.

– Eg planla at eg skulle gå av med pensjon då eg runda 62 år. Men arbeidsoppgåvene i forvaltninga er så kjempekjekke at eg har valt å bli i jobben ytterlegare tre år til, seier Sivertsen, som dei siste ni åra har hatt yrkesskade og ménerstatning som sitt arbeidsfelt.

Seltveit fekk seg ein pause frå jobben sin då ho i 2005 tok over rolla som ordførar i Sauda, etter at partifellen Torfinn Opheim blei valt inn på Stortinget. To år seinare ville saudabuen fortsatt ha arbeidarpartipolitikaren Seltveit som ordførar.

Først i 2011 returnerte ho til jobben sin i Nav. Ettersom ho dei neste fire åra hadde rolla som varaordførar og aktiv fylkespolitikar, valde Seltveit av samvittighetsomsyn å jobba ”bare” 50 prosent. Sidan desember 2014 har hennar arbeidsoppgåver vore tilknytt Nav Rogaland sitt sjukemeldingsteam.

– Det har vore så mange og utfordrande arbeidsoppgåver at eg aldri har vurdert å skifta jobb, seier ho.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.