Bygger ut for to millionar kroner

Montér satsar på 1 000 kvadratmeter stor innebutikk.

Montér Sauda, eller Sauda Byggsenter, har dei siste fem-seks åra bygd ut butikken i fleire etappar. Det siste planlagte byggesteget er venta å vere ferdig i løpet av mai.

Den siste utbygginga er på 150 kvadratmeter og gjer at innebutikken blir rundt 1 000 kvadratmeter stor.

Det er Dagfinn Birkeland, som er dagleg leiar for Montér, sikker på at vil auke handelen og omsetninga.

– For kundar må det vere kjekt å handle, og ein fin butikk skaper meir sal, enkelt og greitt. Det må vere kjekt å handle, og med denne utbygginga blir butikken meir delikat. Det blir som at du kan shoppe parkett i ei handlekorg, seier Birkeland.

– Kva er bakgrunnen for satsinga?

– Me må trø til om me skal få til noko her inne. Me har utvida fleire gonger, og me ser at me etter kvar utviding har fått ein positiv effekt i ein eller annan form. Eg trur den filosofien, kor ein satsar på vekst og å skape noko, er riktig veg å gå. Me må tiltrekke oss kundane, og ikkje bare forvente at dei kjem til oss utan vidare, forklarer han.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.