*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SVIKTANDE MARKNAD: Administrerande direktør, Halvor Lunde, seier det er dystre framtidsutsikter som gjer at det blei bestemt å avvikle drifta ved Technor i Saudasjøen. (Arkivfoto: Frank Waal)

Difor legg Technor ned

Drifta blir gradvis avvikla dei fire neste månadene. 26 arbeidsplassar forsvinn.

Torsdag blei det klart at Bartec Technor AS legg ned produksjonskontoret i Sauda. Avgjerda blei formelt tatt på gårsdagens, torsdagens, styremøte til det norske selskapet.

– Det har vore ein tung prosess som har gitt, og fortsatt vil gi, mange søvnlause netter. I oppgangstider jobbar ein saman og drar lasset saman. Då er det ekstra tungt med ein situasjon som nå der det går den andre vegen, seier administrerande direktør i det norske selskapet, Halvor Lunde.

I styret sit dei tilsette sin representant, Ottar Løland, Marcus Eisenhuth og Heiko Laubheimer. Dei to sistnemnde er administrerande direktørar i Bartec-konsernet. På verdsbasis er det rundt 1 800 tilsette i Bartec.

Som ordføraren og varaordføraren skildrar det, er situasjonen dramatisk for Sauda. Den administrerande direktøren opplyser at alle 26 arbeidsplassane Technor har i bygda er berørte.

– Det er ein sviktande marknad som er grunnen. Me vurderer det slik at utsiktene på kort og mellomlang sikt også ser dårlege ut. Det gjeld for tre år fram i tid, forklarer Lunde.

– Har andre alternativ blitt vurdert i prosessen som har pågått sidan februar?

– Me har forsøkt å leite etter alternativ, men utan å finne det. I realiteten har det ikkje vore alternativ på bordet som har blitt realitetsvurdert, svarer Lunde.

Nedlegginga av produksjonskontoret med tilhøyrande arbeidsplassar vil skje gradvis. Lunde opplyser at det blir gjort frå nå og fram til og med august.

– I den perioden vil me òg forsøke å selje det me har av produksjonsmaskinar i fabrikken. Planen er at bygget utover hausten skal klargjerast for sal, eventuelt utleige. Me ønsker primært å selje lokala og eigedomen.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.