STORE VERDIAR: Bare i skohylla er det truleg gjengløymte verdiar for minst 20 000 kroner dei siste tre månadene. Arild Haavelsrud og Solveig Sivertsen er sjokkert over at folk ikkje saknar sakene sine. (Foto: Ingvil Bakka)
STORE VERDIAR: Bare i skohylla er det truleg gjengløymte verdiar for minst 20 000 kroner dei siste tre månadene. Arild Haavelsrud og Solveig Sivertsen er sjokkert over at folk ikkje saknar sakene sine. (Foto: Ingvil Bakka)

Gløymer for hundretusenvis

Saudabuen husker å trena – men gløymer alt anna.

– Eg vil anta at bare her i Saudahallen blir det gløymt igjen ting for godt over 100 000 kroner kvart år. Det er skremmande, seier Arild Haavelsrud, vaktmeister ved Saudahallen.

Brukarane av Saudahallen blir stadig sløvare når det gjeld å ta vare på tinga sine. Tidlegare måtte dei tilsette tømma ”gjengløymte ting”-rommet i idrettshallen ein gong i året.

I fjor blei 17 fulle søppelsekker levert til veldedighet. Nå må tømminga skje fire gonger i året. Så mykje blir gløymt igjen i bygget at dei tilsette bruker fleire arbeidstimar i veka på å samla, vaska og sortera alle tinga og kleda som ligg igjen etter brukarane.

– Me var nøydde for å få oss eit system som er lettare å handtera. Nå sorterer me månadsvis i korger, og samlar etter kvart i søppelsekker, forklarer badevakt Solveig Sivertsen.

På den måten er det lettare å vita kor folk skal leita – om dei kjem tilbake og etterlyser tinga sine.

Inne i ”gjengløymte ting”-rommet på Saudahallen bugnar det over av inne- og utesko, treningsklede, kvardagsklede, jakker, badetøy, regntøy, shortsar, svømmebriller, paraplyar, baderingar og handkle. Truser, børstar, sokkar og drikkeflasker blir kasta. På Saudahallen druknar dei i gjengløymte drikkeflasker.

– Er det dyrare flasker og det står namn på dei, tar eg vare på dei ei lita stund, fortel Sivertsen.

Alle andre klede og handkle blir vaska før dei blir sortert og lagra i påvente av at nokon saknar tinga sine. Det er det få som gjer.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.