TOK GULL: Hildeborg Juvet Hugdal tok VM-gull i benkpress. (Arkivfoto:Linda M. Lie)
TOK GULL: Hildeborg Juvet Hugdal tok VM-gull i benkpress. (Arkivfoto:Linda M. Lie)

VM-gull til Hildeborg

Hildeborg Juvet Hugdal tok VM-gull i benkpress laurdag kveld.

Medaljegrosisten Hildeborg Juvet Hugdal kan legge eit nytt gull til samlinga si. Laurdag kveld blei ho verdsmeister i benkpress. Mesterskapet vart avvikla i Danmark.

Men saudaløftaren fekk konkurranse om gullet. Den nederlandske løftaren Brenda Van der Meulen løfta serien 185 kg, 192,5 kg og 202,5 kg.

Hildeborg Juvet Hugdal opna på 202,5 kg, som ho fekk godkjent. I det andre løftet fekk ho underkjent 210 kg. Dermed måtte ho klare 210 kg i siste forsøk, sidan den nederlandske utøveren veg mindre enn Hugdal. Dersom begge vart ståande med 202,5 kg ville det blitt sølv på saudaløftaren.

Hugdal viste at ho hadde kontroll på konkurransenervane og fekk godkjent sitt siste løft. Dermed vart det gull til saudabuen.

– Det satt langt inne i dag, men eg klarte å skru på hodet i siste liten, seier Hugdal på telefon til Ryfylke etter konkurransen.

Ho kan opplyse at ho er sjuk og har vore sjuk dei siste dagane. Men småbarnsmora er likevel glad ho valte å reise.

– Det er godt med ein husmorferie, og det er ikkje spøk ein gong, seier den ferske verdsmeisteren og ler.

Anette R. Christensen tok bronse i klassen 84+ med 187,5  kg som sitt beste løft.

Neste konkurranse for Hildeborg Juvet Hugdal er NM i styrkeløft om ein knapp månad.