KREVJANDE Å SELJE: Eigedomsmeklar Alexander Skree fortel at interessen for Selvig-bygget har blitt mindre og mindre etter at det ikoniske bygget blei lagt ut for sal. (Arkivfoto: Frank Waal)
KREVJANDE Å SELJE: Eigedomsmeklar Alexander Skree fortel at interessen for Selvig-bygget har blitt mindre og mindre etter at det ikoniske bygget blei lagt ut for sal. (Arkivfoto: Frank Waal)

Ingen vil kjøpe Selvig-bygget

Også for andre tomme næringsbygg i Sauda sentrum går det trått med å finne nye leietakarar eller eigarar.

Selvig-bygget blei lagt ut for sal i fjor haust. Prisantydinga var då 3,2 millionar kroner. I februar blei den sett ned til snaut tre millionar kroner. Likevel er interessen i dag omtrent fråverande, opplyser Eiendomsmegler Vest Haugesund ved Alexander Skree.

– Status er at det framleis er ønska at bygget blir selt, og så langt har det vore vanskeleg. Det var litt meir interesse dei første månadene, men nå har det blitt rolegare. Det er ingen konkret interesse per nå, forklarer Skree.

Etter at prisen blei sett ned i februar, blei det igjen oppretta dialog med dei som viste interesse for bygget tidlegare. Det var ein dialog det ikkje kom noko konkret ut av, anna enn at dei interesserte ikkje ønsker å kjøpe.

– Det har vore både lokale personar og folk frå lenger vekke som har vurdert å kanskje opne butikk i lokala. Eg fekk ikkje noko konkret tilbakemelding på kvifor interessa ikkje var stor nok til å kjøpe, heller ikkje i samtalane etter at prisen blei sett ned, seier Skree.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.