*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ALLMØTE: Elin Kjellstad og Jorunn Kirkevold frå Nav var i går, måndag, på Technor og informerte dei 26 tilsette om rettar og pliktar dei vil få, dersom dei blir arbeidsledige frå og med september. (Foto: Ingvil Bakka)

Nav får bistand etter masseoppsigelsane

26 nye arbeidsledige skaper utfordringar for det lokale Nav-kontoret.

– På grunn av den spesielle situasjonen har me bedt om bistand frå Nav sentralt. 9. mai kjem marknadsavdelinga til Nav Rogaland til Sauda for å halda kurs for dei Technor-tilsette saman med oss i Nav, opplyser Elin Kjellstad, leiar av den lokale Nav-avdelinga i Sauda og Suldal.

Nav Marked Nord skal blant anna bistå med eit jobbsøkarkurs som vil peika på mulegheitene og gi tips om kva den enkelte bør gjera for å få ny jobb. Andre viktige bodskap under denne samlinga er naturleg nok økonomi.

Torsdag vedtok styret i Technor å legga ned produksjonsavdelinga i Saudasjøen. Nedlegginga medfører at 26 saudabuar mistar jobbane sine. Dette er den mest dramatiske arbeidsplass-reduksjonen i eit og same rennet i nyare tid i Sauda.

Same dag som nedlegginga blei eit faktum var representantar frå Nav Sauda i møte med den lokale Technor-leiinga og tillitsvalde ved bedrifta.

I går, måndag, blei det halde eit allmøte med alle tilsette, der Nav informerte om sine ansvarsfelt og kva Nav kan hjelpa til med på vegen mot nytt arbeid.

– Det som er viktig nå er å visa dei tilsette at me er der for dei, med den arbeidsmarknadskompetansen me har, forklarer Kjellstad.

Nav-leiaren lovar respektfull og profesjonell behandling av dei oppsagte, som nå opplever ein vanskeleg krisesituasjon i livet sitt. Overgangen frå fast jobb og full løn til ein muleg kvardag som arbeidsledig med betydeleg reduksjon i inntekt, er utan tvil ei alvorleg krise for folk.

– Mange av dei tilsette har jobba ved Technor i mange år og har mykje av sin identitet knytt til arbeidsplassen sin. Dei skal vita at me har stor respekt for dette, seier Kjellstad.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.