SKAL DET VERE ÉI HUDCELLE ELLER TUSEN? Ja takk, seier fiskane som et hudceller frå Anja Huse. Huse er godt fornøgd med fiskespaet og dei andre tilboda Heidi Merete Aartun (i bildet) har på den nystarta velværeklinikken i Sauda. (Foto: Even Emberland)
SKAL DET VERE ÉI HUDCELLE ELLER TUSEN? Ja takk, seier fiskane som et hudceller frå Anja Huse. Huse er godt fornøgd med fiskespaet og dei andre tilboda Heidi Merete Aartun (i bildet) har på den nystarta velværeklinikken i Sauda. (Foto: Even Emberland)

Satsar på fiskespa

Heidi Merete Aartun satsar på eigenhand i sentrum. Der vil ho freiste saudabuar med ei rekke velværetilbod, mellom anna fiskespa.

At ho er ein innflyttar blir klart straks ho møter deg med eit smil og ei helsing. Det kling på trøndersk. Heidi Merete Aartun flytta til Sauda i fjor sommar. Då forlot ho heimstaden Stjørdal, kor ho i ei rekke år har tilbode ulike velværeprodukt og -behandlingar.

Nå tar Aartun sats i Sauda. Ho har starta ein velværeklinikk og flytta den inn i sentrumsbygget som Safari Frisør og Knapstad Muskelterapi nyttar seg av.

– Skulle eg starte noko eige her i Sauda, måtte eg først kjenne litt på kva som alt er her. Eg ville ikkje starte noko som konkurrerer med tilboda som er her frå før. Då landa eg på at eg ønsker å vidareføre noko av det eg har jobba med i Stjørdal. Eg jo alt utstyret, men eg har sett meg om etter ein plass å ha det, seier Aartun.

I Stjørdal, ein by i Nord-Trøndelag, bur det rundt 22 000 personar. Kundegrunnlaget der var naturlegvis større enn det ho møter i Sauda.

Likevel ønsker Aartun å tilby eit breiddt utval av behandlingar. Fiskespa, manikyr, pedikyr, voksing, sukring, hol i øyrer og detox-behandlinger er bare noko av det ho vil by saudabuar på.

Fredag føremiddag var Anja Huse innom forretninga. Ho skulle i utgangspunktet få lagt neglelakk på neglene, men for å demonstrere fiskespaet duppa ho også føtene i akvariet med Garra rufa, såkalla doktorfisk.

– Det er deilig å bli pynta på og gjort litt stas på. Eg synest det er veldig godt at det er eit tilbod her lokalt, for eg hadde aldri gjort dette om eg måtte til Haugesund. Me må bruke det lokale tilbodet nå som det først er her, seier Huse.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.