– Gravemaskinen gjorde at me fekk tatt det siste, seier brannsjefen.

AVGJERANDE GRAVEMASKIN OG MANNSKAP: Rundt klokka halv to laurdag ettermiddag fekk mannskapa full kontroll på brannen i sentrum. (Foto: Even Emberland)

Brannen er slokka – sentrumsområde sperra

– Gravemaskinen gjorde at me fekk tatt det siste, seier brannsjefen.

av Even Emberland

Rundt klokka halv to laurdag ettermiddag fekk mannskapa som har jobba mot flammane og røyken i bakeribygninga slokka brannen. Brannen blei meldt til politiet like over klokka sju på morgonen.

Les også: Brann i bakeriet

Det var først då mannskapa nytta seg av ein gravemaskin for å komme til under taket på bygninga, vegg i vegg med bakeriutsalet, at dei fekk kontroll på flammane. Brannen blei slokka rundt 45 minutter etter at gravemaskinen blei tatt i bruk.

– Det var gravemaskinen som gjorde at me fekk tatt det siste. Det var først då me fekk den hit at me fekk full kontroll. Både bygget og taket er totalskada, så då blei løysinga å ta vekk taket. Trebygget til Øyra bakeri har røyk- og vasskadar, det vil sannsynlegvis bli rive. Huset ved sida av har me berga godt. Der er det minimalt med vatn i kjellaren, seier brannsjef i Sauda, Harald Eikrem.

– Kva er det som reddar bakeriutsalet frå å bli totalskada?

– Ein veldig god innsats av mannskapa som var oppå taket. Dei fekk opna taket og spylt ned langs treveggen. Det er ein god innsats frå mannskapa som saman har berga det, forklarer Eikrem.

ETTERSLOKKING: Mannskapa vil halde fram med oppryddings- og etterslokkingsarbeid ut laurdagen. (Foto: Even Emberland)

ETTERSLOKKING: Mannskapa vil halde fram med oppryddings- og etterslokkingsarbeid ut laurdagen. (Foto: Even Emberland)

Forutan politi- og brannmannskap frå Sauda, har det vore politi frå Suldal, Ølen og Vindafjord på staden. Brannmannskap frå Suldal har bistått med ein brannbil og personell, og FIG Sauda (Sivilforsvaret) har vore på staden med 13 personar for å hjelpe i slokkearbeidet. Også industrivernet frå Eramet stilte med ressursar til arbeidet, mellom anna bidrog dei med mannskap, ambulanse og lufttankar.

Sentrumsområdet er framleis avsperra. Det vil det vere heile laurdagen, mens mannskapa på staden arbeider med å snevre inn sperringane.

– Nå må me sjå på sperringane og kva me treng av vatn. Me prøver å krympe inn sperringane litt med tanke på at ein skal kunne bevege seg litt rundt. I nærleiken av bakeriet vil det vere sperra ei stund, og me vil prøve å få tak i noko som gjer at me kan rydde opp og sikre på staden, forklarer innsatsleiar i politiet, Paul Bjarne Foss.

– Kor lenge ser ein føre seg at sperringane vil stå?

– Det vil iallfall gå ut dagen, så får me sjå i morgon. Med tanke på sperringane kjem det litt an på brannvesenet sine slangar og kor dei må hente vatn ifrå.

– Har ein fått indikasjonar på kva og korleis det har starta å brenne?

– Ja, me har fått noko, men ikkje så mykje at eg vil seie noko om det nå. Det er ting me ikkje har fått bekrefta. Kva som er sagt i dei få vitneavhøyra som er tatt, må me komme tilbake til når me har fått ordna opp her, seier Foss.

ENDELEG KONTROLL: Rundt klokka halv to laurdag ettermiddag blei brannen i bakeribygninga slokka. Då var det drygt seks timar sidan brannen starta. (Foto: Even Emberland)

ENDELEG KONTROLL: Rundt klokka halv to laurdag ettermiddag blei brannen i bakeribygninga slokka. Då var det drygt seks timar sidan brannen starta. (Foto: Even Emberland)