Det tok drygt seks timar med intensiv jobbing før mannskapa i sentrum fekk full kontroll på brannen i bakeribygninga.

FEKK KONTROLL TIL SLUTT: Godt hjulpe av ein gravemaskin som reiv ned taket fekk mannskapa på staden kontroll på flammane i bakeribygninga. (Foto og video: Even Emberland)

Her får mannskapa endeleg kontroll på brannen

Det tok drygt seks timar med intensiv jobbing før mannskapa i sentrum fekk full kontroll på brannen i bakeribygninga.

av Even Emberland

Det var først mellom klokka 13 og 13:30 laurdag ettermiddag at brannmannskapa fekk full kontroll på brannen i Sauda sentrum. Då var det drygt seks timar med intensiv jobbing for dei ulike mannskapa på staden sidan brannen starta.

– Det var gravemaskinen som gjorde at me fekk tatt det siste. Det var først då me fekk den hit at me fekk full kontroll, sa brannsjef i Sauda Harald Eikrem kort tid etter at mannskapa og gravemaskinen saman hadde slokka flammane i betongbygninga.

Sentrum i Sauda blei evakuert som ein følge av brannen og den giftige røyken. Rundt klokka 15 fekk dei evakuerte bebuarane lov til å vende heim, opplyser politiet.

Øvst i denne saka kan du sjå video av gravemaskinen og mannskapa då dei var i ferd med å få full kontroll på brannen og slokke den.

Les meir om brannen: Brann i bakeriet
Les meir om brannen: Sentrum er evakuert
Les meir om brannen: Brannen er slokka – sentrumsområde sperra