AVSLUTTA ETTERFORSKING: Politiet konkluderer med at det ikkje har skjedd noko straffbart i samband med brannen i Øyra Bakeri tidligare i år. (Arkivfoto: Even Emberland)
AVSLUTTA ETTERFORSKING: Politiet konkluderer med at det ikkje har skjedd noko straffbart i samband med brannen i Øyra Bakeri tidligare i år. (Arkivfoto: Even Emberland)

Sentrum er evakuert

Framleis er ikkje brannen i slokka.

Brannen som starta laurdag morgon i bygningen til Øyra bakeri er framleis, klokka 13, ikkje slokka.

Heile sentrum er evakuert som ein følge av brannen. Det er ingen butikkar som har ope, forutan Kiwi kor inngangen vendt mot fylkesvegen er open. Inngangen vendt mot bakeriet er stengd.

– Det er evakuert sidan det er ein situasjon kor foreløpig har kontroll på situasjonen, men brannen er ikkje slokka. Det er ein veldig stygg røyk. Det er mykje gufne gassar i den, og røykutviklinga har tatt seg bra opp eit par gonger. Me vil vere på den sikre sida, seier brannsjef i Sauda, Harald Eikrem.

(Saka held fram under bildet)

RØYKLAGT: Fleire timar etter at slokkearbeidet starta, var det fortsatt stor røykutvikling fra området brannen starta i. (Foto: Even Emberland)

RØYKLAGT: Fleire timar etter at slokkearbeidet starta, var det fortsatt stor røykutvikling fra området brannen starta i. (Foto: Even Emberland)

Brannen mannskapa ikkje får slokka drygt fem timar etter at den første meldinga om brannen kom, er tett under taket i betongbygget

– Me tar ned taket på betongdelen av bygget. Det er ein brann som lever der oppe som me ikkje får tak i. Difor vil me ta det ned, og me håper me skal klare å slokke den nå med å ta ned taket, forklarer Harald Eikrem laurdag ettermiddag.

– Er brannen under det taket isolert?

– Foreløpig har me klart å halde den der. For å vere på den sikre sida tar me ned taket, svarer Eikrem.

Like før klokka 13 var gravemaskinen inne på området og i gang med å rive taket.