DRAUMEN: Skissa viser eit to etasjar høgt bygg med ein grunnflate på 1 500 kvadratmeter. Nå håper omstillingsstyret at fleire lokale investorar ser mulegheitene i prosjektet og blir med på spleiselaget. (Skisse: Andréas Wahlman, Ryfylke, på oppdrag frå Inosa og omstillingsstyret)
DRAUMEN: Skissa viser eit to etasjar høgt bygg med ein grunnflate på 1 500 kvadratmeter. Nå håper omstillingsstyret at fleire lokale investorar ser mulegheitene i prosjektet og blir med på spleiselaget. (Skisse: Andréas Wahlman, Ryfylke, på oppdrag frå Inosa og omstillingsstyret)

Ser mulegheiter i Arena Sauda

Draumen er eit levande område med fokus på aktivitet og folkehelse. Staden er den gamle utebassengtomta.

– Dette har eg verkeleg tru på. Dette treng Sauda, seier Terje Fatland, leiar av Sauda omstillingsstyre om plaane om å få realisert eit Arena Sauda.

Dagens konseptskisser viser eit stort og nytt to etasjar høgt bygg på den gamle kommunale utebassengtomta. Truleg vil eit slikt bygg, med rundt 1 500 kvadratmeter i grunnflate, kosta ein stad mellom 35 og 40 millionar kroner.

Planane om å ta i bruk den gamle utebasseng-tomta er foreløpig mest på draume- og skissestadiet. Likevel, medan det tidlegare bare har blitt fantasert lausleg om eit slikt prosjekt, ligg det nå føre ein gjennomarbeida mulegheitsstudie som skisserer opp kva ein kan gjera og korleis ein på best muleg vis kan få realisert draumen.

Målet er nå å få til eit offentleg-privat samarbeid, og at ein gjennom eit slikt samarbeid kan få realisert eit bygg som blant anna kan husa både idrettsaktivitetar, private helseaktørar og leilegheiter.

– At det offentlege eller det private bygger noko slikt åleine er heilt urealistisk. Men gjennom samarbeid kan ein få til mykje, det har Sauda vist tidlegare, minnar Andreas Fløgstad om.

Han er kommunalsjef og prosjektleiar for i omstillingsprogrammet, og jobbar dagleg med offentleg og privat næringsutvikling i Sauda.

Omstillingsstyret i Sauda jobbar med langsiktige utviklingstrekk i Sauda, med spesielt fokus på Sauda sin attraktivitet og bulyst. Det er dette styret som har tatt initiativ til å få undersøkt mulegheitene for å samordna og vidareutvikla den fem mål store sentrumsnære tomta. Hovudmålet er å bygga eit aktivitetsanlegg med fokus på folkehelse. Oppdraget gjekk i fjor haust til saudafirmaet Inosa, som i mars i år var klar med sin mulegheitsstudie; ”Arena Sauda. En inngang, hundrevis av muligheter”.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.