BADEANLEGGET: Ordførar Asbjørn Birkeland fekk æra av å ta det første badet i det nye utandørs badeanlegget som vart opna onsdag. (Foto: Siri Wiersen)
BADEANLEGGET: Ordførar Asbjørn Birkeland fekk æra av å ta det første badet i det nye utandørs badeanlegget som vart opna onsdag. (Foto: Siri Wiersen)

Opna med eit plask

I dag kom dagen mange har venta på – det nye utebassenget er opna, og Saudadagane 2016 er offisielt i gang.

Det var ordførar Asbjørn Birkeland som hadde æra av å ta det første badet.

Eg grua meg litt, då eg var redd for at eg ikkje skulle klare å ta saltoen eg hadde planlagd. Men det er jo ei ære å få vere den første som får bade, seier ein søkkvåt ordførar.

At det nye anlegget betyr mykje for Sauda som by er det ikkje tvil om. Sidan ballen begynte å rulla i 2010 og fram til no har lokale saudabuar bidratt på mange måtar som eit stort felles dugnadsprosjekt.

Det er ein stor attraksjon både for hyttefolk, saudabuar og tilreisande. Eg var usikker på kor bra det kunne bli med den potten som var samla saman, men dette er over all forventning. All ære til dei lokale bedriftene som har funne gode løysingar, seier Birkeland.

Inge Løyning i Sauda Vekst var ikkje treg med å få på seg badebuksa etter at anlegget var erklært ope. Han hadde ein liten prøvetur i vassklia i går, og er imponert over det som er stelt til.

Det er ingen som renn fortare enn meg i sklia, for å seie det slik. Nokre av dei andre som prøvde sklia sat på rumpa då dei rant, men du veit, då går det ikkje så fort. Det er hælane og øvre skuldrer som gjeld, og ingen skal klare å renne ifrå meg, seier ein lattermild Løyning.

Sina Nes Rasmussen (9) er ei av dei som har telt ned dagar til anlegget skulle opne, og som sjølvsagt er på plass i bassenget i dag. Hennar personlige favoritt er sklia, sjølv om ho liker alle dei forskjellige elementa ein kan boltre seg i.

Mora hennar, Inger Nes Rasmussen, ser føre seg at døtrene Sina og Karen (12) kjem til å bruke mesteparten av tida si i bassenget i sommar.

Det er kjempeflott, nesten for godt til å vere sant. Det kjem nok til å trekke mye folk, og dei som eigentleg har planar om å køyre gjennom Sauda vil nok stoppe når dei ser dette, fortel Nes Rasmussen.