*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
I RUTE: Murmeister Sigmund Aardal AS, ved Sigmund Aardal (til venstre), skal jobbe med å pusse opp Folkets Hus til midten av oktober. Styreleiar i Sauda Folkets Hus AS, Sivert Sørnes (til venstre) seier at det er akkurat som planlagt. (Foto: Even Emberland)

Fekk storjobb på Folkets Hus

Alt går etter planen for det som blir det nye kulturhuset. Nå skal det historiske murbygget pussast og få nye fargar.

Murmester Sigmund Aardal AS har fått jobben med å pusse heile det eksisterande Folkets Hus-bygget. Førebuingsarbeidet starta denne veka, etter at firmaet fekk rigga seg til i førre veke. Målet er at dei skal vere ferdige til veke 41, som er i midten av oktober.

Jobben blei lyst ut på anbod av Sauda Folkets Hus AS og deira styreleiar Sivert Sørnes. Murmester Sigmund Aardal vann konkurransen, og partane har skrive ei kontrakt verd 2,7 millionar kroner.

Det samla budsjettet for det som skal bli kommunen si storstove for kulturliv er 40,7 millionar kroner.

– Ein slik jobb skaper kontinuitet. Me har ikkje hatt ei så stor kontrakt i løpet av dei siste fire-fem åra, sjølv om me heile tida har hatt arbeid. Det gir tryggleik, og det er gunstig for oss å ha mykje arbeid på denne tida når du ser korleis arbeidsmarknaden generelt er, seier Sigmund Aardal, og viser til oljekrisa.

Han er dagleg leiar i murmeisterfirmaet med same namn. Totalt er dei tre tilsette i saudabedrifta. For å få jobben gjort har dei fleire underleverandørar til oppdraget. Lofthus Maskin frå Sauda er éin av dei.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.