FARGERIKE UNGDOMMAR: Det var nokre fargerike ungdommar som deltok i Saudas versjon på det internasjonale «Color me rad». (Video og foto: Andréas Wahlman, Gunnar Andre Gauthun og Rune Håheimsnes)
FARGERIKE UNGDOMMAR: Det var nokre fargerike ungdommar som deltok i Saudas versjon på det internasjonale «Color me rad». (Video og foto: Andréas Wahlman, Gunnar Andre Gauthun og Rune Håheimsnes)

Fargerik oppleving

Onsdag denne veka deltok elevane i 7. klasse og heile ungdomsskulen i eit fargeløp.

Vi spurte ungdomane i haust kva dei ønska at me arrangerte, og då kom dette opp. Dei har sett bilde av «Color me rad» på nett, og vi tenke kvifor ikkje? Det er uskuldig moro, og involverer mykje aktivitet i tillegg til at det fjernar skilet mellom 7. klasse og ungdomsskulen, fortel Magnar Birkeland ved God fritid for alle.

Color me rad er eit internasjonalt arrangement, som i Noreg berre blir arrangert i Oslo og Bergen.

Dei er saman med MOT arrangørane for løpet. I Noreg er det kun i Bergen og Oslo eit slikt løp blir arrangert. Grunnen til at 7. klasse er med er fordi ein ønsker å gjere overgangen enklare for dei til hausten, då dei skal begynne på ungdomsskulen.

Det er eit samarbeid mellom alle skulane, i tillegg til at Hildeborg Juvet Hugdal og Frisk & Rask er med under oppvarminga. Det er ikkje mange ungdommar som har fått gjere dette, og som berre kan draume om å få vere med på noko liknande, seier Birkeland.

Etter oppvarminga fekk elevane utdelt kvar sin pose med farga maismjøl som dei kasta opp i lufta. Alle fargane fordelte seg utover ungdommane, som fekk utdelt kvite t-skjorter og solbriller for dagen. Deretter måtte dei klassevis gjennom ei hinderløype.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.