Rundt 40 meter over bakken gjekk det galt då brødrene John Vidar og Kaare Ljung flaug med paragliderar. Begge landa heldigvis trygt.

KOLLIDERTE: Brødrene John Vidar Ljung og Kaare Ljung kolliderte i lufta då dei flaug med paragliderar rundt 40 meter over bakken. Begge klarte å redda seg inn og komme uskada frå det. (Foto: Skjermdump frå Kaare Ljung sin video)

Redda seg inn etter kollisjon

Rundt 40 meter over bakken gjekk det galt då brødrene John Vidar og Kaare Ljung flaug med paragliderar. Begge landa heldigvis trygt.

av Even Emberland

Brødrene John Vidar, Andrew og Kaare Ljung flaug førre veke med paragliderar i Etne. Høgt over bakken kolliderte brødrene, men begge fekk redda seg inn. John Vidar utløyste nødskjermen, medan Kaare flaug vidare etter å ha henta seg inn. Brødrene og ein tredje person som stod på bakken filma hendinga frå tre forskjellige vinklar.

Kaare Ljung publiserte den på søndag for at også andre skal få ei påminning om at det viktigaste i lufta er å heile tida vere klar over si eiga flyretning.

Trykk her for å sjå videoen.

– Det var min tabbe. Eg svingte utan å sjå meg for. Eg var fokusert på ein kamerat som skulle starte med ei minivinge, og eg svingte for å få ein betre vinkel å filme starten hans på. Då såg eg ikkje broren min som flaug rett bak meg, seier Kaare Ljung til Ryfylke.

Brødrene var ute for å fly saman med ei gruppe frå Haugaland hang- og paragliderklubb. Kaare Ljung har drive med paragliding sidan 2011.

– Eg blei litt skremt då eg falt. Eg har vore gjennom sikkerheitskurs eit par gonger der me blir lært korleis sånne situasjonar skal handterast. Eg satsa på å få kontroll på skjermen igjen og fly ut. Eg var rundt 15 meter over bakken då eg fekk kontroll og flaug ut, kollisjonen skjedde cirka 40 meter over bakken, seier Ljung.

Sjølv om det kunne gått galt for dei to brødrene på Berge i Etne i førre veke, har det ikkje tatt knekken på Kaare Ljung si glede ved å fly. I slutten av juni skal han til Voss for å fly med paraglider på Ekstremsportveko.

– Det er herleg å fly, og det gir ein fantastisk fri følelse. Eg er ikkje redd for å dra ut igjen, og eg ser fram til det, seier Kaare Ljung.