*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FEKK BREV FRÅ KONGEN: Om snaue to veker må denne gjengen ta på seg finstasen når dei skal til Stavanger. Der skal dei på hagefest med kongeparet. Frå venstre: Torunn Djuvik, Ingunn Nerheim Vold, Per Ellingsen, Simen Hansen Lunde og Brede Svendsen. (Foto: Ingvil Bakka)

Skal på fest med kongen

Seks saudabuar har fått hagefest-invitasjon frå slottet. Fleire trudde det var ein slags spøk eller reklame.

– Då eg såg den store, kvite konvolutten med kongevåpenet på, trudde eg først det var reklame for salg av kongemyntar, fortel Per Ellingsen.

Då han opna konvolutten vist seg det at det slett ikkje var eit reklamestunt, men ein hagefest-invitasjon frå sjølvaste Kong Harald V.

Kong Harald og Dronning Sonja har i år regjert i 25 år i Norge. Dette feirar dei med ei tolv dagar lang jubileumsreise med kongeskipet ”Norge”. På reisa skal dei innom fleire norske byar, der det blir lagt opp til ulike folkearrangement. Måndag 27. juni kjem dei til Stavanger, der ein store hagefest med 300 inviterte gjester frå heile Rogaland står på programmet.

Blant dei 300 inviterte er dei sju saudabuane Per Ellingsen, Ingunn Nerheim Vold, Simen Hansen Lunde, Torunn Djuvik, Sigrid Bojesen Fatnes, Brede Svendsen – og ordførar Asbjørn Birkeland. Medan ordføraren har visst om hagefesten og opplegget rundt i lengre tid, kom invitasjonen i posten totalt overraskande på dei seks andre.

– Eg trudde det var ein spøk. Eg lo litt og viste det til dei heime. Men så googla me litt, og oppdaga at det faktisk skulle vera eit kongeleg arrangement i Stavanger denne dagen. Då eg såg at det var ein måndag blei eg litt i tvil, for det er ein travel dag på jobb. Men så kunne eg liksom ikkje seia nei til dette, og har fått ordna meg fri, fortel Torunn Djuvik, som jobbar som jordmor i Sauda kommune.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.