*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BAK BUDSJETT: Innbyggarane i Sauda betaler mindre i skatt enn budsjettert. Rådmann Wictor Juul vurderer innstrammingar i kommuneøkonomien. (Arkivfoto)

Sauda mister skatteinntekter

Rådmannen frykter han må stramme inn livreima i løpet av sommaren. Dei fem første månadene har gitt 3,5 millionar skattekroner mindre enn budsjettert.

I april informerte rådmann Wictor Juul politikarane om at årets tre første månader hadde gitt to millionar kroner mindre i skatteinntekter enn kva Sauda kommune har budsjettert. Han åtvara om at kommunen måtte ta grep dersom dette var ein trend som ville fortsette.

To månader seinare er kommunen 3,5 millionar kroner bak budsjett. I onsdagens formannskapsmøte opplyste rådmannen at han vurderte å ta grep i løpet av sommaren, dersom juni månad også viser svikt i skatteinntektene. Juul meiner det er for lenge å vente til september, då dei politiske møta startar opp igjen.

– Eg er mest spent på juni månad. Eit utslag kan vere at fleire ikkje har betalt restskatt på førehand. Men at me ligg eit par millionar bak budsjett uansett, er det ikkje tvil om. Det er alvorleg økonomisk dei tala me ser, seier Wictor Juul til Ryfylke.

Han opplyser at det er blant lønstakarar at skatteinntektene har blitt mindre.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.