SPERRA: Natt til søndag sperra politiet av det aktuelle området, kor saudabuen tidleg i 20-åra falt ut vindauge. (Foto: Even Emberland)
SPERRA: Natt til søndag sperra politiet av det aktuelle området, kor saudabuen tidleg i 20-åra falt ut vindauge. (Foto: Even Emberland)

Stabil tilstand for mannen som fall ut vindauge

Den unge saudabuen ligg i kunstig koma.

Like før midnatt, natt til søndag, falt ein saudabu tidleg i 20-åra ut eit vindauge i andre etasje i ei bygning i Sauda sentrum. Bygninga ligg i Rådhusgata, mellom Sparebanken-bygget og Leif Moe AS.

Les også: Mann fall ut vindauge i 2. etasje

Mora til saudabuen som fall ut vindauge opplyser at han blir halde i kunstig koma og har pådratt seg skadar på hovudet.

– Han ligg i kunstig koma, og me har fått beskjed frå sjukehuset om at han blir liggande i kunstig koma i to dagar til. Me får vite meir på måndag, seier mora søndag ettermiddag.

Mannen blei raskt frakta til Stavanger sykehus i luftambulanse etter hendinga rundt midnatt, natt til søndag. I ei pressemelding sist oppdatert søndag klokka 01:45, skriv sjukehuset at mannen er alvorleg skada, men at tilstanden er stabil.

– Tilstanden på mannen i fallulukka er fortsatt alvorleg og stabil i dag, skriv Mirjam Pletanek Klingenberg ved kommunikasjonsavdelinga til Stavanger sykehus i ei tekstmelding til Ryfylke søndag ettermiddag.

Les meir om saka her