175 millionar i Almannajuvet

Alt har blitt mange millionar kroner dyrare enn Statens vegvesen først såg for seg.

– Men me angrar ikkje eit sekund. Det var kanskje naivt å tru på den prisen me starta med, og det er lett å seia at me er dårlege på å rekna. Men det me driv med er utviklingsprosjekt som endrar seg heile vegen, seier Harald Bech-Hanssen, ansvarleg for budsjett og økonomistyring i Nasjonale Turistveger.

Då Statens vegvesen tidleg på 2000-talet starta å sysla med planane om eit turisveganlegg i Almannajuvet i Sauda, såg dei først seg ein noko ”utvida rasteplass” til rundt ti millionar kroner. I dag, to og ein halv månad før den offisielle opninga i september, ligg prosjektet an til å kosta 175 millionar kroner. Det lokale spleiselaget  som består av Sauda kommune, Sauda Vekst, Rogaland fylkeskommune og bergverksindustrien vil truleg stå for rundt 19 millionar kroner. Resten tar Statens vegvesen seg av.

I Statens vegvesen si utvikling av nasjonale turistvegar, har dei hovudsakleg hyra inn norske arkitektar, med eit unntak: Den sveitsiske arkitekten Peter Zumthor sitt engasjement i Almannajuvet. Ein arkitekt med nulltolleranse for ørsmå endringar ut frå hans nøye tilmålte plan for prosjektet. Ein arkitekt som blant anna har operert med ein større ”tapetprosjekteringsplan”.

Harald Bech-Hanssen innrømmer at det har vore eit krevande samarbeid, som har gitt dei involverte mange grå hår av frustrasjon. Men å byta ut Zumthor har aldri vore aktuelt.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.