WORLD ARCHITECTURE COMMUNITY: Skjermdump frå World Architecture Community.
WORLD ARCHITECTURE COMMUNITY: Skjermdump frå World Architecture Community.

Internasjonalt fokus på Sauda

Turistanlegget i Allmannajuvet får stadig større omtale verda rundt.

Eit par månader før den offisielle opninga av Nasjonale Turistvegar sitt prosjekt i Allmannajuvet, har bygga alt blitt omtalt ei rekke gonger av internasjonal presse og i sosiale medier.

Sist veke hadde eit av dei leiande nettmagasina innan arkitektur og design, Dezeen, ein artikkel om Allmannajuvet. Magasinet har 1,75 millionar unike lesarar kvar månad.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Ordførar Asbjørn Birkeland har følgd med på artiklane og har bitt seg merke i at Peter Zumthor-bygga vekker begeistring.

– På Facebook blir dette delt svært mykje. Eitt av bildene fekk 1 500 likes i løpet av ti minutt. Etter tre dagar hadde bildet fått 8 911 likes og 92 kommentarar, seier Birkeland.

Magasinet følgde opp med ein artikkel om Peter Zumthor og la også ut ei rekke bilder av Zumthors prosjekt, inkludert to bilder frå Allmannajuvet.

– Eg merkar meg at dei to bildene frå Sauda fekk mest likes av alle Zumthor-bildene, seier ordføraren.

Birkeland er svært fornøgd med at Sauda får internasjonal oppmerksomheit rundt turistanlegget, sjølv om det ennå ikkje er opna.

I løpet av to veker har Dezeen-artikkelen om Allmannajuvet blitt delt 1 000 gonger på Facebook.

Også World Architecture Community presenterte tysdag ein større artikkel der Zumthors bygningar i Allmannajuvet fekk stor plass.

– Wallpaper magazine har visst nok omtalt Allmannajuvet i juni-utgåva. Eg har ikkje sett det sjølv ennå, men eg har bestilt eit eksemplar, seier Birkeland.

Han har også blitt kontakta av ein London-basert fotograf.

– Han har blitt spurt om å lage ein reportasje frå Allmannajuvet for Icon Magazine. Han trur han vil få Allmannajuvet som cover-sak, opplyser Birkeland.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.