AVSLUTTA ETTERFORSKING: Politiet konkluderer med at det ikkje har skjedd noko straffbart i samband med brannen i Øyra Bakeri tidligare i år. (Arkivfoto: Even Emberland)
AVSLUTTA ETTERFORSKING: Politiet konkluderer med at det ikkje har skjedd noko straffbart i samband med brannen i Øyra Bakeri tidligare i år. (Arkivfoto: Even Emberland)

Etterforskinga av brannen avslutta

Politiet konkluderer med at brannen har starta i ventilasjonsanlegget, og har ingen mistanke om at det har skjedd noko straffbart i samband med brannen i Øyra Bakeri.

Det bekreftar politioverbetjent ved Sauda lensmannskontor, Thomas Breivik, til Haugesunds Avis.

– Åstaden var for skada til å utføre kriminaltekniske undersøkingar. Det var fare for spreiing og det blei tatt eit val. Vi skulle gjerne hatt endå grundigare undersøkingar, men vi måtte slokke brannen, seier Breivik til avisa i Haugesund.

Les óg: Brann i bakeriet

Det var 14. mai i år, like over klokka sju på morgonen, at det blei meldt om brann i bygningen kor Øyra bakeri held til. Heile sentrum blei evakuert, då det lenge ikkje var kontroll på brannen. Drygt seks timar etter at det begynte å brenne var flammane slokka, og ein kunne raskt konstatere at alt av utstyr og omnar var øydelagt.

Leste du denne? Sentrum er evakuert

Dagleg leiar, Roger Vik, tok over drifta og rolla som dagleg leiar frå januar i år. Førebels bakar dei brød i Haugesund som dei sel i daglegvarebutikkane i Sauda, men det vil ikkje skje noko med bakeriet i Sauda før etter ferien.

Les óg: Brannen er slokka

Det har ikkje lukkast Ryfylke å kome i få ein kommentar frå lensmannskontoret i Sauda.