Ny avissjef i Sauda

Edd Meby blir ny dagleg leiar og redaktør i Ryfylke.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på oppgåva. Eg ønska ei ny erfaring og ei ny arbeidsoppgåve, og i Ryfylke får eg ein fin muligheit til å jobbe med eit solid produkt som står støtt i lokalmiljøet, seier Meby, som starter i jobben rundt midten av september.

57-åringen er født og oppvaksen i Bodø, men har budd i Svolvær dei siste 30 åra. Han begynte å jobbe som journalist for Lofotposten i 1986, kor han først freelansa som sportsjournalist, for så å bli redaksjonssjef. Etter 20 år der, og to år som redaktør i Vesteraalens Avis, starta han si eiga avis, Våganavisa, i 2006.

– Jobben som Ryfylke lyste ut er på mange måtar den jobben eg har hatt dei siste ti åra. Mykje er likt i Våganavisa og Ryfylke, men rollene blir også litt ulike. De har tradisjonar som vi ikkje har. Ryfylke er eit etablert produkt, mens vi bygger opp eit produkt, fortel nordlendingen.

Styreleiar i Ryfylke, Bjørn Håheim, er fornøgd med den ferske tilsettinga.

– Vi har vore heldige og fått tak i ein veldig kompetent person, som vi er sikre på har mykje å tilføre avisa. Han kjem med nye ting og kunnskap, og den kunnskapsrike staben som er i dag vil sørge for at vi held på det som alt er etablert og bra frå før, slik at vi sikrar kontinuiteten til Ryfylke, seier Håheim.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her