MEST SOMMARDRIFT: I sommar er det prøvedrift i delar av turistveganlegget i Allmannajuvet. Neste år blir det truleg fulldrift i ni veker i strekk – og ope for bookingbesøk utanfor sesongen. (Foto: Ingvil Bakka)
MEST SOMMARDRIFT: I sommar er det prøvedrift i delar av turistveganlegget i Allmannajuvet. Neste år blir det truleg fulldrift i ni veker i strekk – og ope for bookingbesøk utanfor sesongen. (Foto: Ingvil Bakka)

Kostbar drift i Allmannajuvet

Neste år kan fulldriftssesongen i Allmannajuvet bli utvida til ni veker. Ei slik drift vil kosta 325 000 kroner.

– Hovudtrykket langs turistvegane er i skuleferien, i dei ni vekene mellom 20. juni og 20. august. Me ser føre oss å ha anlegget ope for publikum sju timar kvar dag i denne perioden, fortel Inge Løyning, dagleg leiar i Sauda Vekst og styreleiar i Sauda Ferie & Fritid.

Fredag for ei veke sidan starta prøvedrifta i det splitter nye turistveganlegget i Allmannajuvet. Dei arkitektteikna trebygga, som kviler på pålar fleire meter over bakken, er alt blitt ein attraksjon, før heile anlegget er ferdig bygt. I sommar er det prøvedrift i den delen av anlegget som er ferdig: Serviceanlegget og kafébygget.

Det tredje bygget, galleriet, skal stå ferdig til den offisielle og høgtidlege opninga 8. september. Først neste sommar blir det fulldriftssesong i heile anlegget i Allmannajuvet.

Anlegget er under prøvedrifta nå i sommar ope sju timar kvar dag. Fire tilsette går i ei skiftordning der dei jobbar ni timar dagleg i ei veke og deretter har éi veke fri. Dei tilsette har ansvar for både drift av kafeen, guiding og reinhald. Prøvedrifta varer i seks veker, fram til midten av august. Inge Løyning fortel at tanken er å drifta anlegget i ni veker til neste år. Rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul, har uttalt at kommunen har som mål at drifta av turistanlegget skal gå i i balanse.

– Ei slik fulldrift i ni veker vil kosta 325 000 kroner i løns- og driftskostnader. Ein skal selga ein del supper kake og kaffi, då, innrømmer Inge Løyning.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her