TRAVEL SOMMAR: Hotellmanager ved Sauda Fjordhotell, Katrine Wiik, er fornøgd med auken av turistar som kjem til Sauda om somrane. Både Sauda Fjordhotell og Kløver Hotel rapporterer om mykje besøk i denne årstida. (Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust)
TRAVEL SOMMAR: Hotellmanager ved Sauda Fjordhotell, Katrine Wiik, er fornøgd med auken av turistar som kjem til Sauda om somrane. Både Sauda Fjordhotell og Kløver Hotel rapporterer om mykje besøk i denne årstida. (Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust)

Travel sommar for hotella

Sommarferien er godt i gang, og turistane strøymer til Sauda. Nokre med bobil og campingvogn, mens andre nyttar seg av hotella.

Både Sauda Fjordhotell og Kløver Hotell rapporterer om mykje besøk denne sommaren. Hotellsjef for Kløver Hotel, Jan Nordbø, er fornøgd med sommarturismen, sjølv om vêret er ein motkjempar.

– Når det er fint vêr er det mange som tar turen til Sauda, men når det er surt og vått som nå, er det færre, fortel Jan Nordbø. Likevel har Kløver Hotel klart å fylle hotellet til midten av august, ifølge Nordbø.

– I fjor hadde me ein super sommar med mange besøkande, og i år er me mykje betre rusta, seier han, og legg til at det er for det meste nordmenn som tar turen innom sentrumshotellet.

Sauda Fjordhotell måtte i 2013 stenge ettersom drifta ikkje gjekk opp. Då tok tyskaren, Jens Brokmann, fatt i oppgåva, og sidan har »slottet» i Saudasjøen hatt positiv vekst.

– Dei to siste åra har det vore veldig mange besøkande om somrane. Det er fantastisk å sjå at så mange tar turen til Sauda når sommarferien startar, fortel hotellmanager ved Sauda Fjordhotell, Katrine Wiik.

– Somrane er alltid travle, men det er berre kjekt for oss, seier Wiik og fortel at hotellet ikkje har hatt nokon spesiell pågang denne sommaren enn dei tidlegare.

– Det er spesielt mange utanlandske turistar frå Nederland og Tyskland som er fascinert av den norske naturen, forklarer Katrine Wiik.

Vil du lese meir? Les meir i papirutgåva eller last ned eavisa her