*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SKJER LITE: Sauda går nok ein vinter i møte med fare for stenging av vegen forbi Svandalsfossen. Ivar Thorkildsen (innfelt til venstre) ved Statens vegvesen synest det er forståeleg at ordførar Asbjørn Birkeland (innfelt) ikkje er fornøgd med tida saksbehandlinga tar. (Arkivfoto: Tore Bastlien Dahl)

Nok ein vinter utan tiltak

Statens vegvesen innrømmer at det neppe blir gjort noko med Svandalsfossen dette året. Sauda kan igjen bli isolert.

Sauda går ein ny vinter i møte utan tiltak i Svandalsfossen. Faren for isolasjon blir dermed reell også denne sesongen. Ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland, er ikkje fornøgd med tida saksbehandlinga tar.

– Mitt inntrykk er at det skjer for lite med dette. Det ser dessverre ut som om vi må ha nok ein vintersesong med problem: stenging av veg og slike ting. Vi er ikkje heilt fornøgde med det, eg hadde håpa at dei hadde ein plan klar på kva dei skal gjere, og at det berre var å starte, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Han var på møte med Statens vegvesen i Haugesund 23. juni. Eitt av tema som blei tatt opp var oppfølging frå forrige møte, kor tiltak i Svandalsfossen var tema.

– Vi ønska status og å få vite kva som skjer. Dei har lova å koma med tiltak, seier Birkeland.

Seksjonsleiar plan og forvaltning Haugesund, Ivar Thorkildsen, har forståing for at ordføraren ikkje er heilt fornøgd.

– Eg skjønar at han føler at dette går for sakte, det er forståeleg. Men dei sakene som har både midlar og ei planlagt gjennomføring har nok førsteprioritet. Dette er ikkje eit tiltak det verken er sett av pengar eller anna til, i alle fall ikkje foreløpig. Men det er ei vanskeleg sak, så det går litt tid på å finne dei gode løysingane, fortel Thorkildsen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her