SNART FERDIGE: Arbeidet med å utbetre vassbrotet ved Saua Gard er snart ferdig, og folk kan forvente å ha vatnet tilbake innan klokka 14.30, ifølge kommunen. (Foto: Siri Åbø Wiersen)
SNART FERDIGE: Arbeidet med å utbetre vassbrotet ved Saua Gard er snart ferdig, og folk kan forvente å ha vatnet tilbake innan klokka 14.30, ifølge kommunen. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Vatn tilbake innan kort tid

Vasslekkasja som blei meldt inn i morgontimane er no utbetra. Dei berørte skal ha vatnet tilbake innan klokka 14.30 i dag.

Det skriv Sauda kommune på si Facebook-side. Det jobbast framleis i området, men arbeidet som gjenstår er blant anna å spyle nokre kummar for å ferdiggjere arbeidet.

Kommunen opplyser til Ryfylke om at vatnet kan vere misfarga, og at ein må la det renne til fargen er som vanleg før ein drikk det.

Det har blitt oppretta ein vasspost på Risvoll skule, kor dei som har mangla vatn kan hente det. Områda det gjeld er nedre Saudasjøen og Saua Gard, ut mot Gausvik.