TOTALSKADD: Hytta som brann på Breiborg er brent ned til grunnen. (Foto: Sør-Vest politidistrikt)
TOTALSKADD: Hytta som brann på Breiborg er brent ned til grunnen. (Foto: Sør-Vest politidistrikt)

Hyttebrann på Breiborg

Hytta er brent ned til grunnen.

Politiet fekk melding om brannen litt over klokka 07.00 i dag, søndag. Då brannvesenet kom til staden var hytta i ferd med å brenne ned. Området er no sperra av, og politiet gjer undersøkingar på åstaden, samt snakkar med andre i området som kan ha sett noko.

Ryfylke får opplyst frå politiet om at det ikkje skal ha vore nokon på hytta då brannen starta.

Brannårsak kan ikkje politiet seie noko om på eit så tidlig tidspunkt. Vidare undersøkingar vil bli gjort når området er blitt kaldt.

Viss nokon har vore i området eller kan ha opplysningar om saka, bes dei kontakte politiet.