PÅ SYNFARING: Frå venstre: Sivert Sørnes (styreleiar i Sauda Folkets Hus AS), Ole Reidar Ljung (Sauda Varme & Bad), Alf Jostein Aartun (AS Forskaling), Stein Vidar Åbø (Brødr. Selvik), Sigmund Aardal (Murmester Sigmund Aardal ), Rolf Selvik (Brødr. Selvik), Aslak Tveita (Tveita Gulv), Vidar Rullestad (Byggefirma Dommersnes & Larsen), Kristian Landro (prosjektleiar) og Einar Janson (E. Janson Service). (Foto: Ingvil Bakka)
PÅ SYNFARING: Frå venstre: Sivert Sørnes (styreleiar i Sauda Folkets Hus AS), Ole Reidar Ljung (Sauda Varme & Bad), Alf Jostein Aartun (AS Forskaling), Stein Vidar Åbø (Brødr. Selvik), Sigmund Aardal (Murmester Sigmund Aardal ), Rolf Selvik (Brødr. Selvik), Aslak Tveita (Tveita Gulv), Vidar Rullestad (Byggefirma Dommersnes & Larsen), Kristian Landro (prosjektleiar) og Einar Janson (E. Janson Service). (Foto: Ingvil Bakka)

Kjempar om Folkets Hus-oppdraga

Fleire firma ønsker å bli med på bygginga av Saudas nye kulturhus. Nå reknar dei anbod for harde livet.

Men bare sju firma var representert då Sauda Folkets Hus AS inviterte til synfaring for interesserte anbodsfirma tysdag formiddag. Fem av desse var saudafirma. Ingen byggfirma eller elektrikarfirma frå Sauda var til stades. Kristian Landro, innleigd byggeleiar for Folkets Hus-prosjektet, er likevel godt fornøgd med oppmøtet.

– På interesselista på Doffin er det åtte-ni fleire utanbygds firma, som valde å ikkje dra til Sauda for synfaringa. I tillegg er det iallfall tre-fire lokale bygg- og elektrikarfirma som eg veit er interesserte i oppdrag og som sikkert vil levera anbod, seier han.

Anbodsfristen går ut fredag 8. september.

Brødr. Selvik AS stilte med to personar på synfaringa tysdag formiddag. Rolf Selvik og Stein Vidar Åbø er interessert i å få grunnarbeidet på tomta og arbeida knytt til bygg og betong til si bedrift på Treaskjæret. Tilbygget har såkalla delte entreprisar, der entreprenørane har mulegheit til å gi separate anbod på dei ulike jobbane.

– Me har mulegheit til å gi eitt anbod på gravearbeidet og eitt anbod på bygg- og betongarbeidet. Men det er også muleg å inngå samarbeidskonstellasjonar med andre entreprenørar. Me har ein del vurderingar framfor oss, seier Åbø.

Det planlagde tilbygget har eit reisverk i både stål og betong, der det både er enkelte heile vegger i betong og betongskiljer mellom dei to etasjane. Bygget har også fleire stålsøyler og større glasflatar.

For Brødr. Selvik vil eit muleg Folkets Hus-oppdrag vera ein kjærkommen jobb seinhaust- og vinterstid.

– Akkurat nå har me det veldig hektisk med arbeidet me gjer for Saudefaldene på Finnflot. Men der tar me vinterpause, så slik sett passar Folkets Hus-jobben oss godt. Det er også eit flott og tiltalande bygg som det hadde vore kjekt å få vera med på å bygga, seier Stein Vidar Åbø.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her