DØDSULUKKE: På Lyseheia ved Børsteinsvatnet køyrde saudabuen av vegen. Det påfølgande fallet fekk fatale følger. (Foto: Norgeskart)
DØDSULUKKE: På Lyseheia ved Børsteinsvatnet køyrde saudabuen av vegen. Det påfølgande fallet fekk fatale følger. (Foto: Norgeskart)

Saudabu omkom i MC-ulukke

Den 28 år gamle mannen blei funne ved Lysebotnvegen onsdag kveld.

Onsdag klokka 20.16 fekk Sør-Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Stavanger melding frå ein utanlandsk turist som hadde observert ein motorsykkel og person som låg utanfor Lysebotnvegen i terrenget i Sirdal.

– Politi og ambulanse sendt til staden, og lege kunne bekrefte at personen var omkomme. Uklart tidspunkt for kva tid ulukka inntraff, skreiv operasjonssentralen på Twitter natt til torsdag.

Den avdøydde blei identifisert som ein 28 år gammal mann. Torsdag ettermiddag blei namnet hans offentleggjort i samråd med familien. Den omkomne er Andre Hardeland. Han var småbarnsfar og busett i Sola kommune. 28-åringen voks opp i Sauda og har familie i bygda.

– Antagelegvis er dette eit einsleg køyretøy som har køyrt ut av vegen utan at nokon har sett det, seier politiførstebetjent ved Sirdal lensmannskontor, Jon Uleberg.

Det er Sirdal lensmannskontor som etterforsker hendinga. Uleberg opplyser at ulukka skjedde like ved Børsteinsvatnet i Sirdal kommune, ved fylkesgrensa på Lyseheia. Det nøyaktige tidspunktet for ulukka er framleis uvisst.

– Tidlege spor på staden viser at det skjedde på ein bakketopp. Det er ein veldig krapp venstrekurve meir eller mindre på bakketoppen. Der har han antagelegvis hatt for høg hastigheit og ikkje klart å bremse og køyrt rett fram, seier Uleberg.

På ulukkesstaden er autovernet deformert av snø, og på utsida av vegen er det eit djupt juv.

– Han gjekk over autovernet og fall anslagsvis 15 høgdemeter ned, samt fleire meter bort. Han blei funne rundt 30-35 meter frå vegen. Det er bratt ned, og han landa rett på ein fjellvegg. Sannsynlegvis døydde han momentant, seier Uleberg.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her