*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BRANN PÅ EIT KONTOR: Natt til søndag byrja det å brenne hos Eramet. Industrivernet og brannvesenet fekk raskt kontroll på situasjonen. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Etterforskar brann på Eramet

Natt til søndag kom meldinga om brann og røykutvikling på eit kontor hos Eramet. Det skal ikkje ha vore folk i nærleiken.

Like før klokka fem natt til søndag la politiet sin operasjonssentral i Haugesund ut melding om brann og røykutvikling på eit kontor i eit administrasjonsbygg hos Eramet.

På Twitter skreiv politiet at Industrivernet til fabrikken og brannvesenet raskt fekk kontroll på situasjonen.

– Alarmen gjekk, og det var ganske stor røykutvikling. Slik eg har forstått det var det ikkje folk i nærleiken. Røyken kom frå ein veggboks som har vore sperra av eit blindlokk. Det kan tyde på at det har vore feil på det elektriske anlegget, seier operasjonsleiar Håkon Tornes.

Sauda lensmannskontor vil etterforske saka. Det aktuelle området er nå sperra av. Tornes opplyser at det i etterforskinga kan vere behov for at ein kriminalteknikar ser nærmare på det elektriske anlegget for å sjå og eventuelt konkludere om det var feil på det elektriske anlegget som starta brannen.