DOBBELT OPP: Tone Jensen (til venstre) og naboane Hermann Ljung og Hanne Grethe Lunde Ljung bur i kvar sin halvdel av ein tomannsbolig. Sauda kommune meiner dei skal skattelegges som rekkehus i stadenfor tomannsbolig. Det gir nesten dobbelt så høg skattesats. (Foto: Frank Waal)
DOBBELT OPP: Tone Jensen (til venstre) og naboane Hermann Ljung og Hanne Grethe Lunde Ljung bur i kvar sin halvdel av ein tomannsbolig. Sauda kommune meiner dei skal skattelegges som rekkehus i stadenfor tomannsbolig. Det gir nesten dobbelt så høg skattesats. (Foto: Frank Waal)

Meiner eigedomsskatten til Sauda kommune er urettferdig

Betaler nesten dobbelt så høg takst for tomannsbustad. Urettferdig, meiner huseigarane. Rettferdig, meiner kommunen.

Då Herman Ljung og Hanne Grethe Lunde Ljung flytta frå einebustad i Kalhagen til tomannsbustad på Rustå, reagerte dei på at dei måtte betale omtrent dobbelt så mykje i eigedomsskatt for tomannsbustad enenn for einebustaden. Først trudde dei at naboens halvdel av tomannsbustaden ved ein feil hadde hamna på deira rekning. Då dei fekk høyre at ein annan huseigar i nabolaget, som bur i einebustad, betalte vesentleg mindre i eigedomsskatt, var dei heilt sikre på at dette var feil.

Saman med nabo Tone Jensen klagde dei til kommunen og meinte at dei betalte for mykje i eigedomsskatt.

– I vedtektene til kommunen står det svart på kvitt at ein tomannsbustad og einebustad skal betale like mykje i eigedomsskatt pr. kvadratmeter, påpeiker dei tre.

Sakkyndig nemnd tok ikkje klagen til følge og Sauda kommune opprettheldt kravet om at dei måtte betale den tilsendte rekninga.

– Då oppdaga me at kommunen bruker skattetaksten for rekkehus og leilegheit på vår eigedom. Denne satsen er nesten dobbelt så høg. Men me bur ikkje i rekkehus. Dette er ein tomannsbustad, seier Tone Jensen.

Ifølge takseringsprinsippet og retningslinjene Sauda kommune oppgir skal eigedomsskatten på einebustad og tomannsbustad betale like mykje i eigedomsskatt. Verdigrunnlaget er 8 000 kroner per kvadratmeter. Verdigrunnlaget for rekkehus og leilegheit er 15 000 kroner per kvadratmeter.

– Når me bur i tomannsbustad er det ikkje rett at Sauda kommune utan vidare kan bestemme seg for at me ikkje skal betale skattesatsane til tomannsbustad likevel. Det står også svart på kvitt i salsprospektet til eigedomsmeklaren at dette er ein tomannsbustad. Det står også på skjøtet til eigedomen, seier Tone Jensen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her