KJEM FORTAU: Søndag ettermiddag pådrog eit barn seg lettare skader etter eit samanstøt med ein bil, ved leikeplassen i Sauda sentrum. Nå vil Sauda kommune, ved kommunalsjef teknisk, framskunde planane om fortau og fotgjengarovergangar. (Illustrasjonsfoto: Frank Waal)
KJEM FORTAU: Søndag ettermiddag pådrog eit barn seg lettare skader etter eit samanstøt med ein bil, ved leikeplassen i Sauda sentrum. Nå vil Sauda kommune, ved kommunalsjef teknisk, framskunde planane om fortau og fotgjengarovergangar. (Illustrasjonsfoto: Frank Waal)

Vil framskunde fortau

Kommunalsjef teknisk Randi Karin Habbestad vil framskynde det planlagte arbeidet for å betre trafikktryggleiken ved leikeplassen.

Då leikeplassen på andre sida av vegen ved brannstasjonen blei bygd, laga Sauda kommune også eit gangfelt over vegen. Statens vegvesen gav dei pålegg om å fjerne det, sidan vegloven gjer det ulovleg å ha forgjengarfelt inn på parkeringsplassen ved brannstasjonen, slik det tidlegare gangfeltet var utforma.

Teknisk eining har i år fått pengar til å lage fortau langs vegen frå Metodisten, forbi leikeplassen og opp langs Sauda kyrkje. I kommunen sine planar ligg det inne at planarbeidet skal starte seinare i haust. Nå er teknisk eining og kommunalsjef teknisk, Randi Karin Habbestad, tydelege på at dei vil framskynde arbeidet.

– Me har gått i dialog med Vegvesenet og prioriterer saka. Me vil framskynde oppstarten av arbeidet, seier Habbestad.

Ho opplyser at teknisk etat i går, måndag, hadde møte om saka. Dei har sett på moglegheitene, og planlegg å lage to fotgjengarovergangar. Éin mellom leikeplassen og brannstasjonen, tett på Fløgstadvegen, og éin som krysser vegen mellom kyrkja og brannstasjonen, for å gjere det enkelt for dei mjuke trafikantane å følge fortauet.

– Dette er ei sak me prioriterer. Det er skulebarn og andre som må krysse vegen kvar dag, og difor er det viktig å gjere det tryggare. Eg håper det kan vere på plass før jul, jo tidlegare jo betre, forklarer kommunalsjef teknisk.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.