ULUKKE I NATT: Politiet måtte i natt rykka ut til Egne Hjem der ein bil med fire ungdommar kolliderte med eit tre. Det er mistanke om kjøring i ruspåverka tilstand. (Arkivfoto)
ULUKKE I NATT: Politiet måtte i natt rykka ut til Egne Hjem der ein bil med fire ungdommar kolliderte med eit tre. Det er mistanke om kjøring i ruspåverka tilstand. (Arkivfoto)

Kolliderte i tre – stakk fra staden

Ei 17 år gammal jente blei liggande skadd igjen. Fire ungdommar blir anmeldt for å ha forlatt ein person i hjelpelaus tilstand. Politiet har mistanke om ruskjøring.

Det var rundt klokka 00.30 natt til i dag, fredag, at ein bil med fire ungdommar skal ha kollidert inn i eit tre på Egne Hjem.

Ifølge Dagbladet skal politiet like før kollisjonen ha fått melding om støy frå ein fest i området og var på veg til området. På veg dit fekk dei melding om kollisjonen.

På twitter skriv politiet at fire personar sprang frå staden, og ein skadd person blei liggande igjen ved bilen.

Klokka 01.25 blei ei 17 år gammal jente kjørt til sjukehus. Dei fire ungdommane som var med i bilen dukka etterkvart opp og blei undrsøkt av lege.

– Ein mann i begynnelsen av 20-åra er mistenkt for å ha kjørt bilen i påverka tilstand. Nødvendige prøvar er tatt og førarkortet er beslaglagt, skriv politiet på twitter.

Dei fire som sprang frå staden etter kollisjonen er anmeldt for å ha forlatt ein person i hjelpelaus tilstand. Ein mann er også anmeldt for å ha hindra offentleg tenestemann.